8 items found for ""
- Avtalevilkår | osidrettspark
Avtalevilkår Bruksreglar og trivselsreglar for klatrehall A Avtalevilkår: 1. Brukarplikt: Som brukar pliktar du å halda deg orientert om og følgja dei vilkåra som gjeld for klatrehallen. 2. Manglande betaling, signatur eller sertifisering: Medlemskap eller billett må vera betalt før du kan nytta klatrehallen. Skal du nytta tauveggen, må du eller den du klatrar med, ha minimum brattkort. Det er eit krav for å ha individuell tilgang i klatrehallen er at du har brattkort. 3. Avtaletid: Bruksavtalen er gyldig for det abonnementet eller billetten som vert fornya eller kjøpt. Brukaren må sjølv fornya avtaleperioden ved å betala for nytt abonnement . 4. Frys/pause av tilgang: Klatrehallen innvilgar ikkje frys/pause av medlemskap. Dette betyr at dersom du har kjøpt abonnement, så kan du ikkje fryse tilgangen og nytta dei resterande månadane ved ei seinare anledning. 5. Overdraging: Brukartilgangen er personleg og brukar kan ikkje sjølv overdra kort og tilgang til andre. 6. Tap av tilgangskort: Ved tap av tilgangskortkort må brukar varsla omgåande, slik at dette vert sperra. Får Os idrettspark noko form for økonomisk tap (tjuveri, hærverk osv.) fordi brukar har mista tilgangskortet, kan brukar bli erstatningspliktig. Brukar må betala for tapt kort etter gjeldande prisliste. 7. Oppseiing: Brukar kan når som helst seia opp kontrakten, men vil ikkje få refundert noko av summen på abonnementet. 8. Personvern: Som medlem i klatrehallen samtykker du til at Os idrettspark innhentar, lagrar og behandlar dine personopplysningar for å administrera kundeforholdet, og at data kan brukast til statistiske formål. Os idrettspark har også rett til å senda ut relevant informasjon, nyhende og tilbod frå Os idrettspark. Opplysningar kan i samband med statistisk behandling bli utlevert til andre selskap. Opplysningane vil bli utlevert i anonymisert form, slik at ingen enkeltpersonar kan identifiserast. Det er frivillig å gje frå seg opplysningar om seg sjølv, og du kan når som helst få sjå, korrigera eller oppdatera informasjonen du har oppgitt til Os idrettspark, i tråd med reglane i POL §§ 27 og 28. Du har også rett til å få sletta den informasjonen som Os idrettspark har lagra om deg, dersom du ynskjer det. All informasjon vert sletta automatisk når medlemsskap er avslutta. Mair om personvern finn du her. 9. Ansvar: Tilgangskort/brukarkort er personleg og skal alltid registrerast i døra, sjølv om døra er ulåst. Brukar pliktar å informera Os idrettspark om endringar i avtalen, som endring av kontaktopplysningar (adresse, e-postadresse, telefonnummer etc.) All trening og bruk av utstyr skjer på eige ansvar. Klatrehallen fråskriv seg eit kvart ansvar for tap og skade på person eller gjenstandar som skjer under brukaren sitt opphald i klatrehallen, som t.d. tap og skade på personlege klede, eigendelar og person. Du er fullt ansvarleg for eigen aktivitet i klatrehallen. Brukar er sjølv ansvarleg for sine personlege ting. Dersom du har med deg ein person som ikkje har bratt kort, er du fullt ansvarleg for denne personen; det gjeld alle handlingar og hendingar forårsaka eller tilknytt denne personen, då inkludert tap av gjenstandar, personskadar med meir. 10. Stenging av anlegget Os idrettspark har rett til å stenga heile eller delar av anlegget på heilagdagar og redusera opningstida i samband med ferie, offentlege fridagar eller arrangement. Brukar må kunna pårekna kortare stengingsperiodar av klatrehall, alternativt reduserte opningstider ved eksempelvis nødvendig vedlikehald eller driftstekniske problem. Os idrettspark er ikkje ansvarleg for hindring eller avgrensa høve til trening på grunn av forhold utanfor Os idrettspark sin kontroll, og som Os idrettspark ikkje kunne sjå på førehand eller overvinna følgje av (Force Majeure). Os idrettspark har rett til å endra tilbodet i klatrehallen, t.d. tilgang til utstyr og mindre endringar i opningstid. B. Reglar for klatring og krav til brukar i klatrehallen: 1. Krav til brukar Brukar stadfestar at ho/han er fysisk og psykisk skikka til å bruka treningsfasilitetane i klatrehallen på ein ansvarleg og helsefremjande måte. For å klatra med tau i anlegget skal brukar følje Norges klatreforbund sine reglar som gjeld for brattkort. Du må fylgja reglande for sikker trening, informasjon finn det på plakatar som heng i klatrehallen. Alle som skal vera i klatrehallen må også vera i stand til å retta seg etter reglane og vilkåra, eller dei må ha med følge som kan følgja opp desse på vegner av brukar (personar med følgjekort). Reglane går fram av oppslag, nettside og denne kontrakten Du pliktar å halda alle inngangsdører til klatrehallen lukka og låst, med mindre andre instruksjonar er gjeve av personell. Du pliktar å vera ute av bygget når klokka når stengetida. 2. Ansvar og tryggleik Klatring er ein risikoaktivitet som vert utøvd på eige ansvar. Alle faste brukara og drop- in må fylja rettleiing og pålegg frå deg tilsett. Tilsette kan visa bort eller nekta personar / grupper tilgang om dei vert vurdert å vera usikka til å nytta klatrehallen Du må følgja reglane for sikker trening, be om rettleiing ved tvil av bruk av utstyr og anlegg. Du må gjera ditt beste for å ivareta eigen og andre sin tryggleik. Du er sjølv ansvarleg for å ha ulukkesforsikring som omfattar trening og klatring. Roping og unødig støy er ikkje lov. 3. Brukarkort Adgangskortet ditt skal alltid registrerast i døra, sjølv om døra er ulåst. Både legitimasjon og brukarkort må visast fram ved kontroll. Dersom ikkje brukarkort kan visast fram under kontroll, kan du bli vist bort frå klatrehall. Du kan også bli bøtelagt med kroner 3000,-. Det er forbod mot å ta med seg følge inn i klatrehall som ikkje har betalt, eller som ikkje har fast brukartilgang. Brot på denne regelen medfører ei bot på kroner 3000,-. Dersom du ved kontroll av sikringsarbeid vert teken i å mangla brattkort eller anna klatrebevis, kan du verta vist bort frå klatrehall. 4. Treningstøy og sko Det er påbod om klatresko eller inne-joggesko, det er ikkje tillat å gå berrføtt. Sko som blei nytta ute før du kom, er ikkje tillat brukt i klatrehallen. Utesko set du på tilvist plass eller i skapet. Klatresko skal kun nyttas i klatrehallen. Kle deg funksjonelt, og ta omsyn til andre. All trening skjer med minimum singlet og med shorts som går ned på låra. Klede og sko skal vera reine. Tømm lommene før klatring, unngå fallande gjenstandar. 5. Klatrereglar i tauvegg All sikringsarbeid skal ein foreta ståande. Maksimal avstand til klatrevegg for den som sikrar er 2 meter. Ved klatring på topptau i overheng skal ein bruka mellom-forankring. Meld frå omgåande til den det gjeld om du ser nokon som gjer feil i sikringsarbeid. All klatring skal føregå med utstyr godkjent av UIAA (CE- godkjenning) All topptauing skjer med tauet rundt topptaufeste eller gjennom to karabinarar, den eine skal vera skrukarabinar. Det er ikkje lov å topptaue på dei mest overhengande rutene. Klatrar skal klippa seg inn på alle sikring boltar/ hengarar. Unngå fingrar i boltehengarar. Det blir brukt kalkball, og ikkje lauskalk i klatrehallen Clogging er forbode. Ned firing skal skje kontrollert. Den som vert fira ned går roleg ned veggen utan å sparka seg ut. Ved lause kaltregrep, send melding til post@osidrettspark.no , eller ta kontakt med dagleg leiar. Ikkje etterskru sjølv. Når du oppheld deg i klatrehallen må ein til ein kvar tid vera merksam på klatreveggen og at det kan falla ned gjenstandar som klatregrep, karabinkrokar og liknande. Tenk over kor oppheld deg når du ikkje klatra. Det skal ikkje vera stolar eller lause gjenstandar inne i klatrehallen. Ved stor vektforskjell vert det rådd til at sikrar koplar seg inn i bolt i botnen av vegg med langslynge. Ha aldri to tau inni på same punkt. På nybegynnarvegg skal topptau ikkje kryssa kvarandre. Uaktsomheit eller regelbrot kan medføra bortvisinga, grove eller gjentakande tilfelle kan medføra inndratt brattkort eller andre klatrekort. 6.Reglar for autobelay Barn under 16 år skal vera fylgje med ein vaksen i kaltrehallen, og det er den vaksne som skal koble barna inn og ut av en autobelay. Du er sjølv ansvarleg for å få opplæring før autobelay vert nytta.(sjå video på YouTube) Du er ansvarleg for at selen set riktig på. Unngå å klatre sidelengs. 7. For barn under 16 år som oppheld seg i klatrehallen gjeld fylgjande: Barn som er i klarehallen, skal til ei kvar tid vera under oppsyn av ein vaksen (person over 18 år). Dei vaksne har fullt ansvar for tryggleiken til barnet og konsekvensane av handlingane til barnet dei har med seg i klatrehallen. Den vaksne skal sørga for at barn sin oppførsel ikkje er til fare for barna sjølv eller for tredjepart som nyttar anlegget. 8. Barn skal gjerast merksam på: At tau ikkje skal dragast i eller dragast ned. At dei ikkje må springa, bråka eller forstyrra andre. At ein ikkje skal stå eller opphalde seg rett under den som klatrar. 9. Personar under 18 år som brukar anlegget: Personar under 18 år må ha løyve frå føresette til å bruka taudelen av klatreveggen i tillegg til brattkort. 10. Ifølge dette reglementet er det mogleg å få tilgang til å klatre med tau i anlegget dersom ein: Innehar minimum brattkort sjølv. Er i følgje med ein vaksenperson over 18 år som har minimum brattkort. 11. Utstyr Bruken av utstyr i hallen er på eige ansvar, og brukar er sjølv ansvarleg for å sjekka at utstyret er i orden før bruk. Brukar har ansvar for å ta vare på, og levera tilbake utstyret dei brukar i klatrehallen, i same stand og på same plass, med ein gong etter bruk. Det er forbode å ta utstyr ut av klatrehallen. Ved tjuveri, hærverk og tap på utlånt utstyr vil lånar vera erstatningspliktig. Det er ikkje lov å reservera utstyr. 12. Ro og orden Leik, roping og unødig støy er ikkje lov. Det skal ikkje vera stolar eller andre møblar inne i klatrehallen. 13. Rus og dopingmidlar Som brukar med avtale i klatrehallen stadfestar du at du ikkje brukar/kjøper/sel stimuli eller doping som står oppført på lista til Antidoping Norge, og du stadfestar at du frivillig vil la deg bli dopingkontrollert. Det er strengt forbode å vera påverka av rusmidlar og å ta dette med inn i klatrehallen. 14. Rettleiing og regelbrot Alle faste brukarar og drop-in må følgja rettleiing og pålegg frå dei tilsette. Dei tilsette kan visa bort eller nekta tilgang til personar eller grupper som vert sett på som uskikka til å nytta fasilitetane. Ved oppførsel i strid med klatrehallen sine vilkår eller reglar, kan Os idrettspark straks visa bort brukar, og i alvorlege saker straks seia opp avtalen utan plikt til å refundera innbetalt medlemsavgift. Ein mildare reaksjon kan vera bortvising for ein kortare periode. 15. Avvik Alle personskadar skal rapporterast til dei tilsette. Skriv melding på e-post post@osidrettspark.no.no , sms eller anna til dagleg leiar ved Os idrettspark. Oppdagar du feil eller manglar som kan vera viktig for tryggleiken i anlegget, skal du utan opphald melda frå til dagleg leiar. 16. Trivselsreglar: Ta omsyn til andre og bidra til å skapa eit godt, sunt og triveleg treningsmiljø. Du skal ikkje nyta mat i klatrehallen. Brukar har ikkje under noko omstende lov til å sleppa inn ueigna eller uskikka personar i klatrehallen. Alt utstyr skal ryddast på plass etter bruk. Til forsida
- Om oss | osidrettspark
Her finn du Os idrettspark Os idrettspark ligg på Kuventræ i Bjørnafjorden kommune. Idrettsvegen 39. Med bil frå Bergen: Køyr E39 mot Os. I rundkøyringa ved unoX/meny følger du skiltet som viser til Osøyro. Følg vegen vidare til du kjem til Osbadet-skiltet cirka 500m etter Amfi(Os) kjøpesenter. Sving av til høgre og følg Idrettsvegen opp til Os idrettspark. Med buss frå Bergen Ta 600-bussen frå Bergen til Osøyro. Gå av ved Flåten Sør. Gå i 10 minutt opp Idrettsvegen til Os idrettspark. Ein idrettspark for alle
- Personvern | Os idrettspark
Personvern Personvernerklæringa er meint for å sikre at kundar/brukarar er informerte om kva for opplysningar vi samlar inn og lagrar om kundane/brukarane våre. Den fortel også kvifor vi brukar opplysningane, og korleis vi sikrar kundar/ brukarar sine rettar i høve til personlovgjevinga. Til forsida Behandlingsansvarleg Torbjørg Brattabø er på vegne av Os idrettspark Bjørnafjorden KF behandlingsansvarleg for selskapet si handsaming av personopplysningar. 1. Personopplysningar som lagrast Vi lagrar fylgjande personopplysningar om våre kundar/ brukarar: Navn, adresse, telefonnummer, e-postadresse og fødselsdato. 2. Føremål med handsaminga Vi bruker opplysningane for å kunne gje deg informasjon og tilbod i forbindelse med kurs, medlemsskap og tilbod i Os idrettspark Bjørnafjorden KF. 3. Grunnlaget for handsaminga Informasjon om navn, adresse, telefon, e-postadresse for å kunne registrere kursverksemd og medlemsskap. Grunnlaget for denne handsaminga er personvernforordninga Art 6 (b). Der du har samtykka til det nyttast også opplysningane til å gje deg informasjon og tilbod i samband med kurs via e-post, telefon og SMS. Grunnlaget for denne handsaminga er personvernforordninga Art 6 (a). Du kan når som helst takke nei til å ta imot slik informasjon frå oss. 4. Utlevering av opplysningar til tredjepartar Vi vil ikkje dele, selge, overføre eller på annan måte utlevere personopplysningar til andre, med mindre vi er rettslig forplikta til det. 5. Sletting av personopplysningar Så lenge de går på kurs eller har medlemsskap hos oss arkiverer vi dykkar opplysningar, men når de ikkje lenger deltek på kurs eller har medlemsskap sletter/makulerer vi alle opplysningane. 6. Rettigheiter for den registrerte Vi handsamer dine personopplysningar i samsvar med personopplysningslova og gjeldande forskrifter. Du blir gjort merksam på at du kan krevje innsyn i og flytting av eigne personopplysningar, samt krevje retting eller sletting av opplysningar.
- Open hall | osidrettspark
Open hall Heilt gratis søndagsaktivitet (tilbake 17.september) Kvar søndag, høst og vinter er det open hall i Oshallen. Det er eit gratis lågterskeltilbod til alle born og familiar som ønskjer å nytta seg av det. I Oshallen kan borna leike med ball, tau, syklar, madrassar, bowling, bandy med meir. Vi har også ein populær 8 gangar 8 meter stor luftfylt madrass med innlagt trampoline. Det vil vera folk fra Os Turn eller Osbadet som tryggleik og trivsel for alle. Dag: Søndag Tid: 10:00 - 12:00
- Klubber |Os idrettspark
Klubbar som bruker parken Os Svømmeklubb Os basketballklubb Os kobudokan karateklubb Os taekwon-do klubb Os turlag, klatring Os turn Os turn cheerleading Os turn fotball Os turn friidrett Os turn håndball Os turn trampett Søre Neset IL håndball Søre Neset IL volleyball
- Idrettsanlegg I Bjørnafjorden | Idrettspark | Vestland
Velkommen til ein idrettspark for alle Fasilitetar Klubbar som brukar parken Open hall Klatrehall
- Kontakt oss | Os idrettspark
Kontakt oss Vi svarar alle e-poster så raskt vi kan. Har du ikkje høyrd frå oss innan 48 timar, ta kontakt med oss på telefon. Dette gjeld ikkje helg-/heilagdagar. T: 56 57 61 20 E-post: post@osidrettspark.no Dagleg leiar Torbjørg Brattabø torbjorg@osidrettspark.no Teknisk leiar Trond Erik Nilsen trond.erik@osidrettspark.no Driftsansvarleg Olav EndreMonstad olav@osidrettspark.no Marknads- og innkjøpsansvarleg Wenche Nyhamn Olsen wenche@osidrettspark.no
- Fasiliteter | Os idrettspark
Idrettshall Tre hallflater tilsvarende håndballbaner som kan delast i to eller tre deler. Hallane har også tribune. Klatrevegg Klatrerommet har 12 m høgde og en autobelay. Kunstgrasbanar Fotballbane med kunstgras. Friidrettsanlegg Seks løpebaner med tilhøyrande kastfelt. Kampsportrom Eit 142 m2 rom med kampsportmatter. Turngrop Hoppegrop fyllt med skumgummi i tilknytning til hall 3. Fasilitetar