top of page

MENY

Personvern

Personvernerklæringa er meint for å sikra at kundar er informert om kva opplysningar vi samlar inn og lagrar om kundane våre. Den fortel også kvifor vi bruker opplysningane, og kvifor vi sikrar våre kundars rettigheiter og reglane i personlovgjevnad. Personopplysningar er alle typar av informasjon som kan relaterast til ein identifiserbar person, slik som namn, e-postadresse, telefonnummer osv.

 

Dersom du lurer på kva opplysningar vi har om deg, eller noko er uklårt, ta gjerne kontakt med oss på post@osidrettspark.no 

Vi behandlar fylgjande kategoriar av personopplysningar:

  • Grunnleggjande informasjon: Namn og fødselsdato

  • Kontaktinformasjon: adresse, telefonnummer, e-postadresse

  • Betalingsinformasjon: transaksjonar, informasjon

  • Kundehistorikk og kundeengasjement: bestillingar- og leveringsopplysningar

  • Kundehistorikk og kundeengasjement: aktive produkt og avtalar samt produkt og tenester du har hatt tidlegare, kor mykje og kor ofte dei brukast, status på produktet/ tenester

  • Kundeaktivitet: lese- og handlingshistorikk frå nettsider eller elektronisk kommunikasjon vi sender ut

  • Cookies: sjå vår informasjon om cookies her: https://osidrettspark.no/cookies 

 

Personvernregelverket

Personvernregelverket i Noreg består av personopplysningsloven med eventuelle forskrifter, samt personvernforordninga.
EU si personvernforordning blei gjort til norsk lov i juli 2018, då ny personopplysningslov trådde i kraft.

Personvernforordninga gjeld for alle land i EØS/EU og regulerer om, og i så fall korleis, verksemder kan behandle personopplysningar. Personopplysningsloven med forskrifter stiller opp norske særreglar for personvern.

For meir informasjon, sjå personopplysningsloven og Datatilsynet sine sider om personopplysningsloven med forordning og når denne gjeld.

 

Personopplysningar

Personopplysningar er alle opplysningar som kan knytast til ein enkeltperson. Dette kan til dømes vere namn, identifikasjonsnummer, fødselsdato, telefonnummer, adresse, bilete, e-postadresse og opplysningar om finansielle tilhøve.

Personvernregelverket skil mellom personopplysningar og særlege kategoriar av personopplysningar. Særlege kategoriar personopplysningar som opplysningar om rasemessig eller etnisk opphav, religion, helseopplysningar, seksuelle forhold eller orientering, politisk oppfatning, filosofisk overtyding eller fagforeiningsmedlemskap, samt genetiske og biometriske opplysningar. Slike sensitive personopplysningar krev eit ekstra vern.

For meir informasjon, sjå: Personvernforordninga artikkel 4 (1) og 9 og Datatilsynet sine sider om kva personopplysningar er.

 

Kva er føremålet med behandlinga?

Å «behandle personopplysningar», betyr for eksempel at vi samlar inn opplysningar, registrerer dei, lagrar dei, strukturerer dei eller utleverer dei til andre.

Vi nyttar opplysningane for å kunne gje deg informasjon og tilbod i forbindelse med kurs, årskortavtale, månadskort og klippekort i Os idrettspark Bjørnefjorden KF.

 

Dersom Os idrettspark Bjørnafjorden KF ynskjer å behandle personopplysningar som ikkje er nødvendige for å utføre lovpålagte oppgåver, vil du bli informert om at det er frivillig om du vil gje frå deg opplysningane, samt kva føremålet med behandlinga er. Dette vil for eksempel vere tilfelle når vi sender ut spørjeundersøkingar.

For meir informasjon, sjå: Personvernforordninga artikkel 4 (2) og artikkel 5 (b)

 

Personopplysningar som lagrast

Vi lagrar fylgjande personopplysningars om våre kundar:

Namn, adresse, telefonnummer, e-postadresse og fødselsdato.

 

Kontakt via e-post, telefon og SMS

Som kunde kan det henda at dialogen med oss forgår på e-post telefon og SMS. Dette kan gjelda generelle ting rundt ditt kundeforhold. Døme på dette kan vera stadfesting av varer eller tenester du har eller skal bestille. Din kontaktinformasjon og tekst-korrespondanse lagrast i desse høva.

 

Overføring av opplysningar internt i EU/EØS

I nokre tilfelle blir dine personopplysningar overførte til eksterne mottakarar. Dette vil typisk vere andre offentlege verksemder, som til dømes NAV, Skatteetaten med fleire. I tilfeller der vi deler personopplysningar med andre offentlege verksemder, skjer det som oftast som følge av lovpålagte oppgåver.

Os idrettspark Bjørnafjorden KF bruker også eksterne leverandørar til å levere ulike system og tenester til oss, og dine personopplysningar kan bli behandla i slike system. I slike tilfelle vil den enkelte leverandøren ha tilgang til opplysningane dine. Os idrettspark Bjørnafjorden KF har databehandlaravtale med sine eksterne leverandørar, som regulerer behandlinga av personopplysningar og sikkerheita rundt behandlinga for å sikre at personvernet blir ivaretatt i tråd med lov og forskrift.

 

Grunnlaget for behandlinga 

Informasjon om namn, adresse, telefon, e-postadresse nyttast for å kunne registrere opplysningar i kunderegister. Grunnlaget for denne behandlinga er personvernforordningas artikkel Art 6 (b). 

Der du har samtykka til at det opplysningane vert nytta til å gi deg informasjon og tilbod i samband med kunde via e-post, telefon og SMS. Grunnlaget for denne behandlinga er personvernforordningas Art 6 (a). Du kan når som helst takka nei til å mota slik informasjon frå oss. 

 

Utlevering av opplysningar til tredjepartar 

Fylgjande tredjeparts leverandørar kan også innhente og lagre informasjon på osbadet.no: Vi vil ikkje dele, selje, overføre eller på annan måte utlevere personopplysningar til andre, med mindre vi er rettsleg forplikta til det.

 

Korleis tar vi vare på personopplysningane dine?

Os idrettspark Bjørnafjorden KF har plikt til å syte for at personopplysningane dine blir behandla på ein sikker måte. Os idrettspark Bjørnafjorden KF beskyttar opplysningane på forskjellige måtar, for eksempel gjennom tilgangskontroll, brannmurar og jamleg opplæring av tilsette. Vi har i tillegg beredskapsplanar for å minimere eventuelle skader dersom noko skulle gå gale.

Os idrettspark Bjørnafjorden KF sine tekniske sikkerheitsløysingar skal sikre at:

  • Uvedkommande ikkje får tilgang til opplysningane dine

  • Opplysningane om deg er tilgjengelege når det er behov for dei

  • Opplysningane ikkje kan endrast eller bli manipulerte etter registrering

  • Organisasjonen og systema er motstandsdyktige, og kan gjenopprette normaltilstand raskt ved uventa hendingar

 

Kor lenge lagrar vi data? Sletting av personopplysningar

Så lenge de har avtaler som er aktive hos oss arkiverer vi opplysningar om dykk, og med ein gong de ikkje har avtalar som er aktive lengre, sletter/makulerer vi alle opplysningane minimum 6 månader etter avslutta avtale.

Vi beheld nødvendige opplysningar for rekneskap av historiske grunner.

 

Rettigheiter for den registrerte 

Vi behandlar dine personopplysningar i forhold til personopplysningslova og gjeldande forskrifter. Det gjerast oppmerksam på at du kan krevje innsyn i og flytting av eigne personopplysningar, samt krevje retting eller sletting av opplysningar. 

I visse tilfelle kan du også krevje at behandlinga av personopplysningane dine blir avgrensa. Dette kan til dømes vere fordi du meiner at personopplysningane dine ikkje er riktige, og det vil ta tid å vurdere dette.

Avgrensing av opplysningane inneber at personopplysningane som blir samla inn ikkje lenger kan behandlast, men framleis lagrast.

For meir informasjon, sjå: personvernforordninga artikkel 15, personvernforordninga artikkel 16, personvernforordninga artikkel 17, personvernforordninga artikkel 18 og https://www.datatilsynet.no/rettigheter-og-plikter/den-registrertes-rettigheter/.  

 

Klage

Du kan klage til Datatilsynet dersom du ikkje er fornøgd med korleis vi behandlar personopplysningane dine, eller du meiner behandlinga strir mot personvernreglane. Informasjon om korleis du går fram for å klage, finn du på nettsidene til Datatilsynet.

 

Kameraovervaking

Kameraovervaking nytta vi for å forebygge og avdekke  ulykker og straffbare handlingar i våre lokalar. Opptak slettast rullerande etter 7 dagar. Gjennom skilting på stede kjem det tydeleg fram kor opptak skjer.

 

Instruks for handtering av kameraovervaking.

Kameraovervaking som vi har i inne i Os idrettspark er til ekstra hjelp for å oppretthalde en så god som mogleg sikkerheit for besøkande i Os idrettspark. Opptak skal ikkje vises til andre enn tilsette som jobbar i Os idrettspark. Opptak som skal nyttast til analysering eller liknande i forhold til ulykker etc., er det kunn teknisk leiar som skal gjennomføra. 

Opptak i resepsjon og andre områder er montert i forhald til hærverk og tjuveri. Opptak som skal nyttast til dette er det kunn teknisk leiar som skal gjennomføre. 

Sletting og utlevering; hovudregelen er at opptak skal slettast seinast 7 dagar etter at opptaket er gjort. Dersom det er sannsynleg at eit opptak vil verta utlevert til politiet, kan det oppbevarast i inntil 30 dagar. Det er ikkje tillate å utlevere personopplysningar som er innsamla ved kameraovervaking til andre. 

Unntaka er at: 

Utleveringa skjer til politiet ved etterforsking av straffbare handlingar eller ulykker.

 

 

Personvernombodet

Personar som det kommunale føretaket behandlar personopplysningar om (dei registrerte), skal kunne kontakte personvernombodet med spørsmål om behandling av dykkars personopplysningar, og om utøvinga av dykkar rettigheiter.

 

Namn på Personvernombodet

Kenneth E. Oppedal

Kontaktinformasjon

E-post: ombudskommune@bergen.kommune.no

Tlf: 90061958

bottom of page